Det kan berre mor

I februar ein gong sendte eg ein MMS til mamma om ei strikkajakke eg hadde sett utstilt på Husfliden, av Tine Solheim -design. Mamma spurte om eg kunne tenkt meg å ha den jakka, og visste allerede at det var ein Tine Solheim då ho kan slikt. Og eg svara: SJØLVSAGD kunne eg tenkt meg ei sånn jakke. Så då sa ho at ho kunne strikke ho til meg. Å. Da blei eg glad då. Men ho måtte vente ei stund med å byrje på ho sa ho, for ho hadde så mange andre strikkeprosjekt på gong, og eg sa at det hasta ikkje, og såg for meg at eg kom til å få den til hausten ein gong. Vel.

6 dager etter fekk eg eit bilete av ei ferdig jakke:




Kjensla av å vere stolt og glad blanda seg med nesten dårleg samvit: her har ho sotte oppe i seks døgn og strikka jakka på rekordtid, det er jo ikkje vanlege kvinnfolk som gjer slikt. Men mamma gjer slikt. Ho slo sin eigen rekord, og eg har ei ny jakke. Den er så fin at eg er nesten redd for å bruke ho. Tusen takk mamma. Du er one of a kind.









Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits