Den som gir skal få

Matte har aldri vore mi sterke side. Å ha kontroll over nettbanken har heller ikkje vore mi sterke side. Pengane berre rinn ut, liksom. Og når ein er student utan jobb (sumarjobb har eg), så forsvinn pengane i alle fall ut, og berre stipend kjem inn. Men når 5000 forsvinn til husleie og straum, har ein 2000 kr igjen å leve for. Og det er ikkje store greiene. Men likevel har eg overlevd sjølv om eg har brukt penger på kakebaking, bilkøyring, togbilletter, mat, mat, mat, pensumbøker, klede på salsstativ og frisørtimer. Eigentleg skulle eg ha gått ca 50 000 kr i underskot i år. Men det har eg ikkje gjort. Og eg sit her som ei så velsigna jente, for banken har ikkje vore tom i år, banken har hatt akkurat nok peng til det eg har trengt, og det er så underleg, så underleg, eg har AKKURAT greid meg, utan å bekymre meg eit sekund for at eg kom til å bli personleg konkurs.  Eg har kanskje ikkje reist utanlands eller kjøpt meg den fine kjolen, men eg har fått så mykje meir enn eg treng, og eg blir berre litt satt ut, eller, overvelda. Overvelda av at Gud har hatt styringa i år, han har sørga for at "når du gjer, så får du," og eg har fått så mange mange gonger meir tilbake enn det eg har gitt. WOW. 

Så eg fortset i same nåde i det komande året, eg! Eg skal få til ein Oslotur i haust, ellers skal eg vel prøve å halde meg til helgependling til Mosjøen og kakeslaberas i Bodø. Og bensin. Eg hadde rekna på at eg kom til å klare meg halvbra i år med pengane eg hadde på nettbanken, men eg seier deg; eg har klart meg heilbra i år. Og det skal eg gjere i skuleåret 2012/2012 òg. Gud er trufast. Det viser kontoutskrifta mi.


Kjøpte kanskje ikkje desse skia i vinter, sjølv om det kunne vore ei god invistering. Eller ikkje. Pengar spart, i alle fall.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits