Transporter

Pappa driv to store transportfirma, og no har dei blandt anna sju busser, og fire av dei blir hovudsakleg brukt som turbusser. I kveld skal tre busser til Geiranger for å ta unna ein god del turister, så eg og mamma hoppa like greit på. Så no blir det Geiranger på oss! Hellesylt i kveld, og båten til Geiranger i morgon før vi set oss på ein av bussane heim igjen.

Denne bussen vi sit i no er den nyaste, aldri sett han, eg har ikkje fått med meg at dei har sju busser ein gong. Eller at det er 40 folk som jobber i selskapa. Det forklarer vel litt av at pappa står opp kl 6 om morgonen og legg seg kl 02...

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits