God.

I dag er ein av dei fine dagane. Ein av dei dagane alt flyt. Og det gjer det jo for såvidt òg, for i dag er det berre regn, regn og regn frå oven. 

Yr.no seier det kjem til å regne mer. Men det gjer ikkje så mykje. Det er ein fin dag i dag.

 

Eg vakna så lett om hjarte i morges. Eg sov berre i 6 timer, så eigentleg skulle eg vore heilt øydelagd i dag. Men eg er vaken og glad og forelska og føler meg frisk. Kanskje det har noko med at eg har ein god mann og at eg har trena dei siste dagane, så eg er litt kvikkare enn normalt. Kanskje. Eller kanskje ikkje. 

Det har i alle fall noko med at eg har ei tru som eg kan halde på, uansett kva som skjer, uansett kor svart det kan sjå ut og om du får alle nyheitane i vera som gjer at magen vrenger seg og alt ein vil gjere er å grine fjorten dager til ende, så har eg ein Gud og ei klippe som er sterkare enn noko menneske og nokon mann og nokon trening.

 

Dagen er i alle fall fin. Og det skal den fortsette å vere.

 

Vonar alle andres dag blir fin.

You can make it happen. Kor enn klisjè slike setninger kan verke, så er det mykje sant i dei. Så berre svelg det.



Én kommentar

David-Kingsley

02.08.2012 kl.14:52

Second that. :) Fortsatt god dag til deg!

Skriv en ny kommentar

hits