Tøff i pysjamas

Eg overlevde elveraftinga! Ja, eg datt ikkje uti ein gong! Men før vi fekk rafte måtte vi hoppe ut i straumen for å bevise at vi kunne symje og kome oss i land, og det gjekk det. Så då for vi opp og ned i bølger medan eg sat i ein plastbåt med ei åre, eg trudde det kom til å bli verre enn det det var, men det var då rett så kjekt. No er eg berre slapp etter å ha kava i sterk straum, så eg og Malen har ramla på sofaen med oreokake. Malen har sovna, faktisk. Kl 19 skal vi på Betania på ungdomsmøte, så eg får vekke ho snart. Må berre ta litt meir oreokake...

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits