Sleep on this



Eg treng svevn. Mykje svevn. Eg treng å få sove ut. Mange timer.

 

Forstår ikkje korleis folk kan springe rundt med arbeid og korpsøving og småborn og henting og bringing og lange dager og få alt til å gå rundt. Eg får så vidt mitt eige liv til å gå rundt. Å kome meg på skulen og å kome meg på Nordlandsbanen er nok, eg søv og søv og prøver å lese pensum, men då sovner eg i alle fall.

I sumar følte eg at eg sov vekk sumaren. No er eg redd eg kjem til å gjer det same med hausten, om ikkje noko drastisk skjer.

 

Om det er ein ting eg skulle forandre med med sjølv, så er det sovebehovet min. Eg vil vere ho som berre treng 5 timer svevn i døgnet. Men i staden for treng eg 10. Eg får sjeldent 10 timer svevn. Så eg går litt rundt og føler meg sjeldent opplagt, augene mine glir ned titt og ofte, eg vil gjerne legge meg kl. 21, men eg vil gjerne ha eit vanleg liv og held meg sjølv våken til 23, eg skal då vere sosial og fungere som normalt.

Hm. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits