HUSMORSKOLEN!

 

 

 

Løyndomen er over! Eg skal bli radiovert!

 

Saman med to jenter og ein gut i klassa skal vi starte radioprogrammet HUSMORSKOLEN.

Kvar mandag frå kl. 19.00-20.00 blir det sending på Radio3 i Bodø, FM 104.9/ www.radio3.no 

På radio3.no kan du høyre oss live dersom du ikkje bur i Bodø, dette er jo berre fantastisk!

 

 

 

Vi skal snakke om alt. Nesten. Men vi skal vere DANNA. Det er vel det som er den store skilnaden. Vi ynskjer å presentere eit reelt bilete av kvinner i dag, og korleis vi skal vere, oppføre oss, te oss... ja. Alt! Vi skal snakke om gutar og menn, om cupcakes og jobbsøking, tv og livet. Vårt håp er at vi skal greie å gjere det dei glossy magasina ikkje gjer: å fortelje om den sanne kvinna. Ikkje ho som MÅ ha dei dyraste veskene eller dei finaste smykkene, men om at ein rekk faktisk ikkje ALT, det handler om å prioritere. Kanskje eg vil prøve meg på eit aldri så lite coaching-kurs på lufta?

 

HØYR PÅ OSS FØRSTKOMANDE MANDAG!

OG:

Lik facebooksida vår: http://www.facebook.com/husmorskolen

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits