Edel Urstad

Eg skulle ikkje. Eg skulle berre ikkje. Men så måtte eg.

 

For 6 mnd sia prøvde eg ei Edel Design-kåpe i rein ull for fyrste gong, og eg tenkte: nei, få den av meg! Eg MÅ ikkje! Så eg drog den av meg, og sprang så fort eg kunne frå Husfliden. Laurdag var eg tilbake. Og der hang hang ho Edel vettu. På SAL! 

Nei og nei!

Edel Urstad er designer, eigar og drivar av Edel Design AS. Ho designer og produserer klede i rå eleganse i reine naturmaterialer, og all produksjon skjer på Nes i Hedmark. Ekte norsk, med andre ord. Og ekte norsk må ein betale for. 

Så etter å ha tenkt i nokre timer no på laurdag, kom eg fram til den konklusjonen at eg har jo ikkje ei kåpe i 100% ull. Men... eg har ikkje penger heller. DOG: penger kan ein alltid fikse. Nesten. Eg fekk det i alle fall til å gå opp då eg drog kortet. I ettertid... well well. Vatn og braud, her kjem eg.


















2 kommentarer

Living life of Charlotte.

24.09.2012 kl.11:17

den var pen!

Maria

25.09.2012 kl.15:13

Den va heilt sykt fin....!

Skriv en ny kommentar

hits