No kjem´n

I julehistoria om Snikker Andersen roper nisseungene "no kjem´n!" når Snikker Andersen kjem heim til dei. I dag er det eg som skal stå på balkongen og seie det, berre at det er ingen Andersen som kjem, men ein Frank. Min Frank!

Etter 11 dager og mykje savn kjem Frank til Bodø i helga. Endeleg kunne han lausrive seg frå arbeid og berre ta med seg telefonen til Bodø for å ta helg ein anna plass. Kjenner eg han rett har han med datamaskina så han får skreve 50 mailer... men men, eg skal ikkje klage! Vil heller ha ein mann som jobber for mykje enn ein som er lat og ikkje gjer noko. 

SÅ! Det kribler i magen! Kjærestehelg i Bodø har vi ikkje så alt for ofte, det er som oftest eg som tek Nordlandsbanen opp og ned. Men no skal eg faktisk berre vere heime i Bodø i helga... uvant!

 

No skal eg vaske heile Støver støvfritt, lage curry-middag og bake speltbraud til han kjem i kveld. For å ikkje snakke om å få tak i roser på bordet! 

 

Å, lukkelege fredag. 

 

 

 

 Forelskelse altså. Slitsomt og vakkert.

2 kommentarer

Skriblerina

05.10.2012 kl.15:13

Heldig du er Benedicte :) Frank er heldig han også :) Ha ei fin helg! :)

ulla

05.10.2012 kl.20:46

Ta fra han telefon og datan. Så kan han ha HÆLG. Kos dåkk

Skriv en ny kommentar

hits