Lang natt mot dag

Eg trur det må vere leeeenge sia eg hadde mareritt, kanskje vi snakker år. Men i natt har eg fått nok for ja... lenge. Mange år!

Eg har sprunge og kjempa og analysert monstre og psykopater i heile natt, vakna med jamne mellomrom og er berre heilt utslitt nett no. Bah. 

Det var ei uvand kjensle å vere redd for å sove igjen, men eg var så trøytt at eg greide ikkje å vakne, så eg datt tilbake til monstre som sprang etter meg med virus, medan kroppen min prøvde å bli meir utkvilt. Dårlig prosjekt. 

Eg er ein person som drøymer utruleg mykje og rart og morosamt heile tida, så når det blir alvorleg og skummelt så blir eg litt satt ut, eg bruker jo vanligvis å drøyme om å slenge seg i gardinene og fly til Mexico og ha born og slikt. Jaja. I natt, tvi tvi.

 

Men no må eg legge monstra til sides og fokusere på Offentlig Politikk og Admninstrasjon, kanskje det er det som gjer meg svevnlaus? Men når eg tenkjer meg om så hadde det vore verre med eit mareritt med OPA-forelesaren min som prøver å presse i meg politikkunsskap enn eit monster med lange tentakler som prøver å dra vettet ut av meg... Så då er det kanskje ikkje så forferdelig lell. 

 

(Margrete i bakrunenn er enig...)



Sov godt når den tid kjem. Draum søtt.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits