Tålmod

Den finaste dama i Noreg har komen med ny juleplate.

 

Ein reol med "Jul i stova" ljoste mot med på Coop i går, og eg var SÅ nært å kjøpe plata. Men det er ikkje 1.desember enno, jente. Eg har den regelen. Pepperkaker, julebrus, mandariner, julesong.... 1.desember.
Då eg kom heim frå Coop, sette eg sambuar-Mari på oppgåva: sjekk om den nye plata ligg på Spotify! (alle studenter vil jo ha gratis musikk i desse dager...) 

Og gjekk kva. JULEPLATA til Herborg LIGG PÅ SPOTIFY!

 

-SPÆLL MUSIKK! Ropa eg til Mari, og ho såg forskrekka på meg. 
-Jamen Benedicte, du skal jo vente til 1.desember med å høyre på julemusikk?
-Det e unntakstilstand! Vi snakka HERBORG! Kjær på! 

Mari trykte på speleknappen. Mjuke toner flaut i mot meg, samstundes som eit hav av kjensler og skrekk steig opp:
-SKRU AV! SKRU AV!

Det blei for sterkt. Jula kan ikkje kome i stova mi enno.

1.desember; I am waiting for you

.



Én kommentar

Skriblerina

14.11.2012 kl.11:39

Hehe jeg så den på Spotify i går og tenkte på deg :) Flink du er som venter :) Det er lov med en liten "slip up" :) Du trenger bare vente en uke til på lørdag hvis det hjelper :)

Skriv en ny kommentar

hits