Du og du

Det er 1.desember i dag! Eg har lagt lokk på alt av julestemning til no, jula byrjer tross alt fyrst i desmber. Men NO! NO er desember her!

Eg hoppa ut av senga i morges, skrudde på Herborg Kråkeviks nye juleplate og tente kongerøkelse. På slaget 00 i natt spratt eg julebrusa og gomla i meg mandariner. Come to me christmas! No skal eg omfamne deg så mykje eg berre greier!

Ho fine trufaste mora mi laga adventskalender til meg i år og, det er kosleg å få noko med kjærleik kvar dag. Ein blir kanskje aldri for vaksen til slikt? I dag fekk eg nydlege julekort i pakkekalenderen, så; kven vil ha julekort i posten?




Eg las og las og las på eksamen i går, så i dag skal eg ta litt fri er plana. Stikke innom Mosjøen sentrum, gå i julegatene og drikke kakao saman med kjærasten min. Også stemmer eg for at han skal gje meg pakkekalender han òg! Hehe. Ei oppmerksomhet i byen i dag hadde i alle fall ikkje skada. Hint hint. (Håper han les dette då, men han er ikkje sånn blogglesar som meg...)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits