Blod på tann

Tannlegen venta i dag kl 9, så eg måtte opp kl. 7. OK, 7.45 da. Eg skulle eigentleg dusje, men var så treig med å vakne at eg tenkte: vel, vel. Då får tannlegen berre takle at håret mitt er feitt. 

Men gjett kva? Tannlegen slapp å sjå på håret mitt! For eg fekk hette!

 

Ja, du las rett. Eg fekk hette og smekke og heile pakka hjå ho søte kvinnfolket som tok opp kampen med tenna mine i dag. Tannlegen sa "vi går jo sånn heile tida!", då eg sa at eg følte meg ydmyka med å sjå så tåpelig ut. Ho forsikra meg om at det var berre ho og tannpleieren som kom til å vere inni rommet medan eg låg i stolen med hetta, men gjett kva? Det var eit kvinnfolk som kom og gjekk og kom og gjekk medan eg låg der. Eg er SIKKER på at ho tok bilete av meg og at eg no blir hetsa på nett.

Du store tì.

 

For to veker sia fekk eg beskjed om at eg har hol i tre visomsjeksler, og at alle må ut fordi det er ikkje plass til dei... great. I dag tok eg første jeksel. Eg kneip igjen augo  med ein gong eg sat meg i stolen så eg ikkje såg den ENORME spøyta som ho måtte stikke med fire gonger.

Eg må seie det var ein forunderleg opplevelse å sjå at tannlegen skjærer med KNIV i munnen min medan eg kjente ingen ting. No derimot... no kjenner eg det. Eg ligg på sofaen med ibux og har prøvd å stappe i meg litt potetstappe uten hell. Suppe neste.

Då eg hadde betalt for meg kl 9.40, smila og takka for tannhjelpa, skulle eg innom kundetoalettet for å sjå om munnen min var like hoven som den kjentes. Eg kjem inn på badet, ser meg i spegelen, opner munnen, og der... der er eg RAUD på fortenna. Eg har gått rundt og smila og nikka til tannlegene i Bodø også har dei ikkje sagt at eg har blod på tanna?

 


Kjære vene. Offentleg ydmykelse x2 på førti minuiter. 

Takk og pris for at neste time ikkje er før januar. Eg voner alle på tannlegekontoret har gløymd meg til då

 

.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits